Tilsynsrapport sak 2017-06

Kontroll og oppfølging av arbeidsvarsling Statens vegvesen, Region midt


Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region midt. Tilsynssaka omhandlar kontroll og oppfølging av arbeidsvarsling.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvika vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av tiltak.

På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avvika.


Samandrag

Målet med tilsynet har vore å vurdere Statens vegvesen, Region midt sitt arbeid med å styrke trafikksikkerheita i arbeidsvarslingsområde.

Vegtilsynet har undersøkt sju veganlegg for å sjå om arbeidsvarslinga er i samsvar med krav. Vegtilsynet har sett på Region midt si oppfølging av eit vedtak i etatsleiarmøte frå 2011, der det vart vedtatt å styrke arbeidsvarsling både organisasjons- og ressursmessig. I tillegg er det undersøkt korleis byggherren sikrar at registrerte feil og manglar ved arbeidsvarslinga vert retta.

Vegtilsynet fann at regionen:

  • ikkje har teke i vare sikkerheita til trafikantane godt nok
  • ikkje sikrar at risikovurderingane i arbeidsvarslingsplanane avdekker alle farlege forhold for trafikantane
  • ikkje i tilstrekkeleg grad har sørga for at RLM-vedtak 04-12 «Tiltak for å
  • bedre standarden på arbeidsvarslingen» vert gjennomført som føresett
  • ikkje har rutine på at arbeidsvarsling er fast punkt på byggemøta
  • har følgt opp registrerte avvik og dokumentert dei ved lukking

Vegtilsynet har funne to avvik som vil verte følgt opp med Region midt. I tillegg er det gjort to observasjonar.


1. Bakgrunn

Ifølge Nasjonal transportplan 2014–2023 (NTP) inneber nullvisjonen «at transportsystemet skal utformes slik at det fremmer riktig adferd og i størst mulig grad hindrer at menneskelige feilhandlinger fører til alvorlige skader». Visjonen er grunnpilaren i trafikksikkerheitsarbeidet1 og gjeld også ved arbeid på og ved veg.

Auka rammer for investering i vegsektoren, gitt i NTP, samt eit eige program for å ta igjen etterslep2 betyr at anleggsaktiviteten på vegnettet er og vil vere stor dei komande åra.

Ein rapport om trafikkulykker i tilknyting til vegarbeid3 og ein rapport frå Transportøkonomisk Institutt4 har ført til auka merksemd om arbeidsvarsling som tema internt i Statens vegvesen.I begge rapportane kjem det fram at mangelfull varsling og/eller sikring har vore årsak til ulykker.

Vegtilsynet fann i ei tilsvarande sak mot Statens vegvesen, Region øst frå 2016, at det ikkje var gjennomført evaluering av tiltak vedtatt i regionleiarmøte, og at det framleis var for mange alvorlege feil ved arbeidsvarslinga.

Med bakgrunn i dette vil Vegtilsynet undersøke om Statens vegvesen, Region midt har følgt opp vedtaket frå etatsleiarmøtet i november 2011, der det blant anna går fram at «[f]agfeltet arbeidsvarsling skal tydeliggjøres bedre organisatorisk og ressursmessig. Dette er et lederansvar, og temaet skal for eksempel tas opp på ledersamlinger på alle nivåer på samme måte som saker som omhandler HMS. Tonen skal skjerpes ytterligere, og konsekvenser tydeliggjøres og håndheves.»


2. Mål og problemstillingar

Målet med tilsynet har vore å vurdere Statens vegvesen, Region midt sitt arbeid med å styrke trafikksikkerheita i arbeidsvarslingsområde.

For å undersøke dette har Vegtilsynet sett på følgande problemstillingar:


Problemstilling 1
Er arbeidsvarsling i samsvar med krav?


Problemstilling 2
I kva grad er vedtaket innan arbeidsvarsling, i etatsleiarmøtet 10. november 2011, følgt opp?


Problemstilling 3
Sikrar byggherren at registrerte feil og manglar ved arbeidsvarsling vert retta opp?


Omgrepsbruk og avgrensing
HMS: Helse, miljø og sikkerheit

RLM: Regionleiarmøte

SHA: Sikkerheit, helse og arbeidsmiljø


3. Gjennomføring og metode

Tilsynssaka er gjennomført som ein revisjon.5

Varsel om tilsyn vart sendt Statens vegvesen, Region midt 9. mai 2017.

Region midt er tilfeldig valt, ut frå at Vegtilsynet ønskte å undersøke ytterlegare ein region etter å ha vore i Region øst og undersøkt arbeidsvarslingstemaet i fjor.

Data er henta inn gjennom stikkprøvar, intervju og dokumentgjennomgang.

Det er gjennomført intervju med:

  • byggeleiarar for undersøkte prosjekt
  • HMS-rådgivar for eit av dei undersøkte prosjekta
  • regional kontrollør for arbeidsvarsling i regionen
  • fungerande avdelingsdirektør i veg- og transportavdelinga

Under førebuingar og gjennomføring av tilsynet har tilsynspart lagt forholda godt til rette.

Under følger metodisk beskriving av korleis data er henta inn.


Problemstilling 1: Er arbeidsvarsling i samsvar med krav?

Det vart gjort eit utval av alle arbeidsområde på riksveg i Region midt frå trafikkmeldingar på www.vegvesen.no. Av totalt 16 arbeidsområde vart det gjort eit utval på sju basert på geografisk spreiing, og at arbeid på prosjekta hadde vara over noko tid. Vegtilsynet gjennomførte stikkprøver i form av trafikksikkerheits­inspeksjonar i perioden 2.–4. mai 2017. Resultat frå stikkprøvane vart deretter vurdert mot godkjende arbeidsvarslingsplanar og krav i handbøker. Utvalde arbeidsområde går fram av tabell 1 i kapittel 5.
Dokumentgjennomgang av risikovurderingane i dei godkjende arbeidsvarslingsplanane vart vurdert spesielt med tanke på mjuke trafikantar og langsgåande sikring. Intervju vart også brukt for å svare på problemstillinga.


Problemstilling 2: I kva grad er vedtaket innan arbeidsvarsling, i etats-leiarmøtet 10. november 2011, følgt opp?
Intervju og dokumentgjennomgang vart brukt for å svare på problemstillinga.


Problemstilling 3: Sikrar byggherre at registrerte feil og manglar ved arbeidsvarsling vert retta opp?

Problemstillinga er undersøkt ved stikkprøvar (jamfør problemstilling 1), dokumentgjennomgang og intervju.

Gjennom intervju er det undersøkt korleis resultat frå byggherrens kontrollverksemd av arbeidsvarslinga er følgt opp. Det er også undersøkt om byggemøtereferata omhandlar arbeidsvarsling.

Symbol som er brukt for å illustrere tilsynsfunna i rapporten går fram av tabellen under:

Avvik
Mangel på samsvar med krav

Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hjå tilsynspart

Ingen funn
Tilsynskriteriet er oppfylt

Utkast til rapport vart lagt fram for tilsynspart 19. juli 2017, med frist for å gi tilbakemelding på faktafeil. Tilsynspart gav slik tilbakemelding innan fristen og dette er tatt omsyn til ved utarbeiding av endeleg tilsynsrapport.


4. Tilsynskriterium 

Tilsynskriteria i saka baserer seg på og er utleia frå følgande kravdokument:

  • Håndbok N301 Arbeid på og ved veg
  • Håndbok R760 Styring av vegprosjekter
  • prosessen «Følge opp HMS inklusive arbeidsvarsling i enterprise» i kvalitetssystemet6
  • RLM-vedtak 04-12 «Tiltak for å bedre standarden på arbeidsvarslingen i Region midt»
  • godkjende arbeidsvarslingsplanar (AVP)7
  • Prop. 160 L 2015–2016 Endringar i veglova (Vegtilsynet)
  • Reglement for økonomistyring i staten
  • ISO 9001:2015 Ledelsessystemer for kvalitet


Problemstilling 1: Er arbeidsvarsling i samsvar med krav?
8
Krava i handbok N301 gjeld for all varsling og sikring på veger og gater på det offentlege vegnettet. Statens vegvesen kan fråvike normalen på beskriven måte. Både mjuke og køyrande trafikantar skal sikrast mot farlege forhold som følge av vegarbeidet.

I samband med utarbeiding av arbeidsvarslingsplan, skal det utførast ei risikovurdering.9 Risikovurderinga skal påpeike risiko for trafikantane som følge av vegarbeidet. Risikovurderinga utgjer eit grunnlag for å foreslå nødvendige varslings- og sikringstiltak overfor trafikantane.

Skiltmynde godkjenner arbeidsvarslingsplan når den er tilfredsstillande. Den godkjente arbeidsvarslingsplanen er bindande for arbeidsvarsling og sikring på strekningen den omfattar.

På prosjekt der Statens vegvesen er byggherre, skal byggherrens representant på vegarbeidsområdet ha god kjennskap til den godkjente arbeidsvarslingsplanen og jamleg følge med på at planen framleis er relevant for det arbeidet som skal utførast og at planen blir følgt.


Tilsynskriteriet er:

1. Arbeidsvarslinga på vegarbeidsområdet skal vere i samsvar med krav som følger av handbok N301 og godkjende arbeidsvarslingsplanar.


Problemstilling 2: I kva grad er vedtaket innan arbeidsvarsling i etatsleiarmøtet 10. november 2011, følgt opp?10
ELM fatta vedtaket «Arbeidsvarsling» den 10. november 2011. Dette ble følgt opp i RLM-vedtak 04-12 «Tiltak for å bedre standarden på arbeidsvarslingen i Region midt».11 I Statens vegvesen er det regionvegkontoret si oppgåve å sørge for at vedtak i RLM vert gjennomført som føresett.

Alminnelege prinsipp om god leiing tilseier at ein viktig del av oppfølginga er at tiltaka vert evaluert for å vurdere om dei har hatt tilsikta effekt.12 Dette er eit leiingansvar.


Tilsynskriteriet er:
2. Regionvegkontoret i Region midt skal sørge for at RLM-vedtak 04-12 «Tiltak for å betre standarden på arbeidsvarslingen i Region midt», vert gjennomført som føresett.


Problemstilling 3: Sikrar byggherre at registrerte feil og manglar ved arbeidsvarsling vert retta opp?13
Vert det funne feil eller manglar ved arbeidsvarslinga skal byggherren krevje feil retta, eller initiere endringar i arbeidsvarslingsplanen. Endringar i arbeidsvarslingsplanen må godkjennast av kompetent skiltmynde. Er feila eller manglane ved arbeidsvarslinga så store at dei utgjer ein fare for arbeidarar eller trafikantar, skal byggherren krevje arbeidet stansa utan opphald, og arbeidsområdet skal sikrast til feila eller manglane er retta.

Arbeidsvarslingsplanen skal behandlast i samband med HMS på byggemøta. For å sikre at registrerte feil og manglar vert retta, skal desse behandlast i byggemøta og omtalast i møtereferatet. Punktet om arbeidsvarsling skal ligge under punkt 2 «Helse miljø og sikkerhet» i byggemøtereferatet.


Det første tilsynskriteriet for problemstillinga er:

3. Arbeidsvarslingsplanen skal behandlast på byggemøtet og omtalast
i møtereferatet.


Det andre tilsynskriteriet for problemstillinga er:

4. Byggherren skal sikra at dei registrerte feil og manglar har blitt retta opp med ein etterfølgande kontroll.


5. Tilsynsresultat

Oversikt over dokumentasjon frå Region midt som Vegtilsynet har mottatt, ligg i vedlegg 1.

Tilsynskriterium 1: Arbeidsvarslinga på vegarbeidsområdet skal vere i samsvar med krav som følger av Handbok N301 og godkjende arbeidsvarslingsplanar.


Innhenta data
Resultat frå stikkprøvekontrollen er vurdert opp mot godkjende arbeidsvarslingsplanar og gjeldande krav i Handbok N301 Arbeid på og ved veg.

Arbeidsområda er varsla i samsvar med godkjende arbeidsvarslingsplanar.

For kategorisering av feil og manglar ved arbeidsvarslinga har Vegtilsynet brukt same definisjonen som regional kontrollør bruker i skjema «Kontroll av varsling og sikring ved arbeid på og ved veg»:

  • kategori 1: godkjent, småfeil kan førekomme
  • kategori 2: feil og manglar, ikkje alvorlege, må utbetrast
  • kategori 3: alvorlege feil og manglar, må utbetrast

Stikkprøvene viste at det var feil og manglar på alle arbeidsområda.

2017-06 tabell 1
Tabell 1: Oversikt over feil og mangler ved arbeidsvarsling ved stikkprøvekontroll
på sju prosjekt på riksveg i Region midt i perioden 2.–4 mai 2017


Gjennomgangen viste at dei fleste alvorlege feil og manglar i kategori 3, gjaldt sikring og rekkverk.

2017-06 tabell 2
Tabell 2: Oversikt over feil og manglar i kategori 3. Arbeidsområde nr 1 og 3 hadde ingen kategori 3-feil
  • seks av sju feil og manglar i kategori 3 er knytt til sikring
  • tre av sju feil og manglar i kategori 3 visast ikkje på arbeidsvarslingsplanen og er heller ikkje i samsvar med handbok N301
  • fire av sju feil og manglar i kategori 3 er i samsvar med godkjent arbeidsvarslingsplan, men ikkje i samsvar med handbok N301
2017-06 tabell 3
Tabell 3: Kategori 2-feil og manglar

  • to av tre feil og manglar i kategori 2 gjeld mangelfullt skiltfundament
  • ein av tre feil og manglar kategori 2 gjeld feil bruk av fartsgrense

Feil og manglar i kategori 2 og 3, viste at:

  • 36 prosent gjaldt forhold som ikkje er tatt omsyn til i risikovurderinga
  • 55 prosent gjaldt mangelfull sikring
  • 9 prosent gjaldt varsling

djup grøft 1
djup grøft 4
Eksempel på djupe bygge­groper som ikkje er sikra med langsgåande rekkverk. Dette er ikkje i samsvar med Handbok N301 pkt. 4.2.1.1
T3 rekkverk
Innsnevring med skiltvogn
Langsgåande rekkverk utan arbeidsrom. Dette er ikkje i samsvar med Handbok N301 pkt. 4.2.1.2.
ulovleg rekkverksende
manglande endeavslutning
Eksempel på manglande endeavslutningar på langsgåande sikring. Dette er ikkje i samsvar med Handbok N301, pkt. 4.2.1.3.


Vegtilsynet undersøkte også om tilsynspart sikrar mjuke trafikantar mot farlege forhold som følge av vegarbeidet. I tre av sju undersøkte arbeidsområde er det gjennomført synlege tiltak for mjuke trafikantar (tabell 4). Dette er også undersøkt ved gjennomgang av arbeidsvarslingsplanen si risikovurdering. Mjuke trafikantar er ført opp på lista over forhold som kan medføre risiko for ulykke i tre av sju arbeidsvarslingsplanar.

2016-06 tabell 4
Tabell 4: Tiltak for mjuke trafikantar


Vurdering

Undersøkinga viste at det er flest alvorlege feil og manglar i kategori 3, ved sikring av arbeidsområda. Det er også feil på montering eller manglande endeavslutningar på midlertidige rekkverk (tabell 2 og 3).

Vegtilsynet meiner at feil og manglar i kategori 3 er så alvorlege at prosjekta ikkje tek i vare sikkerheita til trafikantane godt nok. Det er totalt sett for mange feil og manglar i kategori 2 og 3 på dei undersøkte arbeidsvarslingsområda. Feila utgjer ein fare for trafikantane si sikkerheit.

Når det gjeld byggherren si oppfølging av om arbeidsvarslingsplanen er relevant for det arbeidet som vert utført og om planen vert følgt, viser Vegtilsynets stikkprøvekontrollar at oppfølginga ikkje er tilstrekkeleg til å avdekke farlege forhold for trafikantane. Dette gjeld særleg sikring av arbeidsområda (tabell 2).
Risikovurderingane som er vedlagt arbeidsvarslingsplanane skal vise prosjektspesifikk risiko, og foreslå tiltak som fjernar eller reduserer risiko til eit akseptabelt nivå. Risikovurderingane som følger dei godkjende arbeidsvarslingsplanane identifiserer ikkje i tilstrekkeleg grad risikoforhold det bør gjennomførast tiltak på (tabell 2, 3 og 4).

Unntaket er Miljøpakken på E6 sør for Trondheim. Her var det ingen feil og manglar, og risikovurderingane er tilstrekkeleg for å avdekke risikoforhold. Det er også gjennomført ei rekkje tiltak som tek i vare sikkerheita til trafikantane.

Funn 1 - avvik
Arbeidsvarslinga i Region midt tek ikkje i vare sikkerheita til trafikantane godt nok.

Funn 2- avvik
Region midt sikrar ikkje at risikovurderingane i arbeidsvarslingsplanane avdekker alle farlege forhold for trafikantane.


Tilsynskriterium 2: Regionvegkontoret i Region midt skal sørge for at RLM-vedtak 04-12 Tiltak for å bedre standarden på arbeidsvarslingen i Region midt vert gjennomført som føresett.


Innhenta data

Vedtaket vart fatta i 2012. Formålet med vedtaket var å «bedre standard og kvalitet på arbeidsvarslingen» i Region midt.14

I vedtaket vart det konkludert med at «[n]ye tiltak, ressursbruk og rutiner knyttet til arbeidsvarsling er relativt omfattende og må tilpasses og implementeres over litt tid, slik at 2012 får status som et innkjøringsår.» Regionen uttaler at tiltaksplanen ikkje har vorte evaluert. Regionvegkontoret si oppfølging av vedtaket, vil i det følgjande verte kommentert under det einskilde tiltaket i den vedtekne tiltaksplanen.

1. Kapasitet og kompetanse
a) Vi skal ha tilstrekkelig kapasitet og god kompetanse til å utøve skiltmyndighetsansvaret. Mht til arbeidsinnsats vil dette innebære 1 årsverk i M&R,15 1,5 årsverk i ST16 og 0,5 årsverk i NT.17 Saksbehandlere skal normalt ikke godkjenne arbeidsvarslingsplaner hvor de også skal ivareta byggherrefunksjonen. Prosjekt- og byggeledere og kontrollingeniører i Region midt skal i løpet av 2012 ha gjennomført 2-dagers kurs i arbeidsvarsling for ansvarshavende, (kurs 2 i hb 051).18

Det er opplyst at det vart tilsett fleire medarbeidarar hjå skiltmynde som følge av vedtaket. Kontroll av arbeidsvarsling og sikring er også styrka gjennom tilsetting av regional kontrollør.

Dei fleste byggeleiarane oppfattar at skiltmynde har tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til å utøve sine arbeidsoppgåver knytt til arbeidsvarsling og sikring.

Ifølge byggeleiarane på dei undersøkte prosjekta, har dei ikkje hatt forseinkingar av betydning på grunn av skiltmynde. Enkelte av prosjekta har også ein eigen kontaktperson hjå skiltmynde, som lettar samarbeidet. Alle byggeleiarane gav uttrykk for at samarbeidet med skiltmynde fungerer godt.

Alle prosjekt- og byggeleiarar og kontrollingeniørar i regionen har gjennomført to-dagars kurs i arbeidsvarsling for ansvarshavande.

b) Omfang og oppfølging av arbeidsvarsling skal synliggjøres bedre i konkurransegrunnlagene. Arbeidsvarsling skal være tema på alle ledersamlinger, seksjonsmøter og byggemøter på samme måte som saker som omhandler HMS.

To av dei undersøkte prosjekta oppfattar at omfanget av arbeidsvarsling har vorte betre synleggjort i konkurransegrunnlaget etter at vedtaket vart fatta i RLM. Tilsendt eksempel på konkurransegrunnlag viser at det er gitt rom for å prise langsgåande sikring per meter.

Alle dei intervjua i prosjekta har arbeidsvarsling som eit fast tema på byggemøter.19

Arbeidsvarsling er ikkje eit tema på alle leiarsamlingar og seksjonsmøter. Arbeidsvarsling er ikkje eit fast tema på RLM. Regionen meiner at det ikkje er naturleg at arbeidsvarsling er eit tema på kvart RLM. Mottatt dokumentasjon viser at arbeidsvarsling har vore tema i tolv sakar som er behandla i RLM sidan 2012, fordelt på elleve møter. I perioden frå 26. august 2015 til 22. februar 2017 var arbeidsvarsling ikkje eit tema på RLM.20

2017-06 tabell 6
Tabell 5: Oversikt over tal saker kor arbeidsvarsling har vore tema på RLM og tal RLM, fordelt på år.

I RLM 2-2017 vart det i sak 24-17 «Kontroll av arbeidsvarsling i Region midt», vedtatt at arbeidet med kontroll og oppfølging av arbeidsvarsling «regelmessig» skal «forelegges RLM og drøftes i ledermøter i prosjektavdelingen og vegavdelingene i forbindelse med at det blir utarbeidet årsrapport fra arbeidet.» Som det står gjeld dette i samband med utarbeiding av årsrapport og ikkje generelt. Regionen vektlegg betydninga av at årsrapporten følgast opp i leiarmøta i prosjektavdelinga og vegavdelingane.

c) Det skal arrangeres 1-2 fagsamlinger om arbeidsvarsling årlig for å sikre en enhetlig praktisering av regelverket. Ansvarlig er TS-seksjonen på SVT.21

Regionen opplyser at det kvart år blir arrangert ei fagsamling der byggherre vert invitert. Det vert også helde eit kurs/samling for skiltmynde årleg.22

2. Kontroll og oppfølging
d) Arbeidet med utekontroll av arbeidsvarsling skal intensiveres. Byggherren skal følge opp at arbeidsvarslingsplanen er relevant og at feil og mangler blir rettet opp.23

Ifølge Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2014 – 2017 tiltak 95, og regionen sjølv, skal det årleg gjennomførast 100 kontrollar av vegarbeid i Region midt. For 2017 er arbeidsfordelinga slik at vegavdelinga, i si rolle som skiltmynde, skal gjennomføre til saman 60 kontrollar. Regional kontrollør er ansvarleg for dei resterande 40 kontrollane. Regional kontrollør har opplyst at det er usikkert om vegavdelingane når måltalet for i år, grunna stor arbeidsmengd og mang­lande kapasitet.

Regional kontrollør uttrykker at arbeidsvarslinga kunne vorte betre følgt opp av byggherre på anlegga og at byggherre i nokon tilfelle verker å vere usikker når vedkommande skal vurdere om arbeidsvarslingsplanen er relevant og om den vert følgt. Regional kontrollør meiner dette kan skyldast mangel på kunnskap.

I 2016 stansa regional kontrollør over ein tredjedel av anlegga som følge av feil ved arbeidsvarslinga.24 Totalt for skiltmynde og regional kontrollør i 2016, vart over halvparten av dei kontrollerte anlegga stansa som følge av feil ved arbeidsvarslinga.25

e) Skiltmyndighetskontrollene skal spres over hele året, og på forskjellige typer vegarbeid. Konsekvensene ved manglende arbeidsvarsling eller feil ved arbeidsvarslingen skal tydeliggjøres og håndheves. Antall skiltmyndighetskontroller skal fastsettes hvert år gjennom resultatavtalene. For 2012 er målet 15 kontroller i hvert fylke.

Innsendt dokumentasjon for 2017 viser at skiltmyndekontrollane vert spreidd over heile året og på forskjellige typar vegarbeid.

Regionen opplever at regional kontrollør og skiltmynde ikkje har tilstrekkelege sanksjonsmoglegheiter, utover at anlegga kan stengast. Av denne grunn retta Region midt ein førespurnad til Vegdirektoratet om å heimle meir effektive sanksjonar i skiltforskrifta. Vegdirektoratet etterkom ikkje endringsforslaget.

Dei 100 kontrollane av vegarbeid som skal gjennomførast årleg, er ikkje ein del av resultatavtalen.

f) En person skal ha kontroll av varsling og sikring i regionen som sin primæroppgave.

Det ble som følge av vedtaket oppretta ei fulltidsstilling som regional kontrollør i Region midt.

3. Kontroll av eksterne kursholdere
g) Det skal gjennomføres kontroller av eksterne kursholdere. Arbeidet starter opp så snart det er opprettet et nasjonalt system for å fange opp når eksterne kurs arrangeres.

Vegdirektoratet har gitt føringar om at regionen ikkje skal kontrollere kurshaldarar.


Vurdering
Resultata frå Vegtilsynets stikkprøvekontrollar og regional kontrollør si kontrollverksemd, viser at det er fleire alvorlege feil ved arbeidsvarslinga.

Arbeidsvarsling er ikkje eit tema på alle leiarsamlingar, seksjonsmøter og RLM, slik tiltak b) krev.

Det går ikkje fram av tiltaksplanen korleis tiltak d) om byggherrens oppfølging, som er ein innhaldsmessig gjengiving av krav,26 skal gjennomførast. Det kan difor stillast spørsmål ved om dette tiltaket er eigna til å oppnå betre standard og kvalitet på arbeidsvarslinga i regionen.
Etter det Vegtilsynet har fått opplyst, er det årlege talet på kontrollar som skal gjennomførast av skiltmynde, ikkje lenger ein del av resultatavtala. Talet på kontrollar av arbeidsvarsling framstår dermed som ein mindre viktig måleindikator.
Region midt opplyser at dei ikkje har evaluert eller tidfesta når tiltaka skal evaluerast for å sjå om målet med tiltaka er oppnådd. Det er eit leiingsansvar at tiltaksplanen vert evaluert. At over halvparten av skiltmynde og regional kontrollør sine kontrollar har ført til stans av prosjekt, tilseier at tiltaka bør evaluerast for å sjå om dei har virka som føresett.

Funn 3 - observasjon
Statens vegvesen, Region midt har ikkje i tilstrekkeleg grad sørga for at RLM-vedtak 04-12 «Tiltak for å bedre standarden på arbeidsvarslingen i Region midt» blir gjennomført som føresett.


Tilsynskriterium 3: Arbeidsvarslingsplanen skal behandlast på byggemøtet og omtalast i møtereferatet.

Innhenta data
Det er mottatt byggemøtereferat for april-mai frå kvart prosjekt.

Byggemøtereferata viser at:

  • fem av sju prosjekt har arbeidsvarsling som fast punkt
  • fire av sju prosjekt har gjennomgang av gjeldande plan
  • eit prosjekt har gjennomgang av loggbøker
  • ingen prosjekt har gjennomgang av kontrollørmelding
  • eit prosjekt handsamar avvik

2017-06 tabell 7
Tabell 6: Dokumentert behandling av arbeidsvarslingsplan i byggemøte

* Prosjektet E6 Melhus-Sandmoen gjennomfører særmøte for arbeidsvarsling der avvik vert behandla. Arbeidsvarsling er også tema på vernerundar.
** Prosjektleder seier at arbeidsvarslingsplanar er tema på alle byggemøter, men ikkje alltid eit eige punkt i byggemøtereferatet.

 

Vurdering
Gjennomgangen av byggemøtereferat viser at i to av dei sju undersøkte prosjekta, er ikkje arbeidsvarsling fast punkt på byggemøtet. Dette er eit krav, og det er også ein del av tiltaksplanen for regionen. Det er viktig for trafikksikkerheita at arbeidsvarsling vert behandla i byggemøter.

Funn4 - observasjon
Region midt har ikkje rutine på at arbeidsvarsling er fast punkt på byggemøta.


Tilsynskriterium 4: Byggherren skal sikre at dei registrerte feil og manglar har vorte retta opp, med ein etterfølgande kontroll.

Innhenta data
Det er mottatt dokumentasjon på handsaming av avvik for tre av dei undersøkte prosjekta. Dette er også undersøkt gjennom intervju.

  • alle tre følger opp at avvik vert lukka i etterfølgande kontroll på anlegget
  • alle tre løyser ofte avvik direkte ute i anlegget
  • alle tre har arbeidsvarsling på oppstarts-/samhandlingsmøte
  • to av tre gjennomfører saksgang for kontrollørmelding i eRoom
  • to av tre lukker avvik på telefon eller epost
2017-06 tabell 8
Tabell 7: Korleis registrerte avvik av byggherre vert dokumentert retta opp


Vurdering
For dei undersøkte prosjekta viser det at avvik vert registrert og handtert på ulike måtar. Undersøkinga viser at registrerte avvik vert følgt opp av byggherre og dei vert dokumentert lukka.

Ingen funn
Tilsynskriteriet er oppfylt


Vedlegg 1: Mottatt dokumentasjon

2017-06 vedlegg 1


Anna dokumentasjon

  • Prosess i kvalitetssystemet – Behandle arbeidsvarsling
  • Brev frå Region midt – Innsending av dokumentasjon i tilsynssak 2017-06, datert 18.05.2017
  • Brev frå Region midt med svar på spørsmål – Vegtilsynet ber om meir
  • dokumentasjon, datert 14.07.2017
  • Referat frå RLM vedtak nr. 1/2012 sak 04/12
  • Referat frå RLM som omhandlar arbeidsvarsling
  • Innmeldt sak til RLM 23.02.2017, sakstittel «Kontroll av arbeidsvarsling i Region midt»
  • Agenda og referat for fagsamlingar med arbeidsvarsling som tema
  • Referat frå byggemøter april – mai for dei sju prosjekta
  • Handtering av avvik som byggherren oppdagar i arbeidsvarslingsområdet er levert gjennom: kontrollørmelding Rv70 Tingvoll–Meisingset, e-postar, bilder, byggemøtereferat
  • SHA-planar for dei sju prosjekta
  • Oppsummeringar etter TS-inspeksjonar E6 Melhus – Sandmoen (Miljøpakken)
  • Regional kontroll, Ronglan- Sælleg
  • Eksempel på konkurransegrunnlag (Prosjekt Fv710 Brekstad – Krinsvatnet) og kvalitetssikring av konkurransegrunnlaget
  • Årsrapport – arbeidsvarsling 2016 (kontroll, kurs, saksbehandling)



Vedlegg 2: Oversikt over RLM-saker kor arbeidsvarsling har vore tema, fordelt på år

2017-06 vedlegg 2
2017-06 vedlegg 3



Last ned tilsynsrapporten som PDF