Tilsynsrapport sak 2017-02

Inspeksjon av bruer Statens vegvesen, Region vest


Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region vest. Tilsynssaka omhandlar inspeksjon av bruer.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvik vil bli handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.


Sammendrag

Målet med tilsynssaka har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region vest har oversikt over tilstanden på bruene i regionen.

Vegtilsynet har undersøkt om inspeksjon av bruer vert planlagt og utført, og om resultat frå inspeksjonane vert registrert og følgt opp.

Det er krav om at inspeksjonar av bruer skal gjerast årleg, anten i form av enkel- eller ein hovudinspeksjon. Ved ein enkel inspeksjon er føremålet å kontrollere om det er oppstått alvorlege skader som på kort sikt kan påverke mellom anna bereevne og trafikksikkerheit. Ein hovudinspeksjon er ein visuell tilstandskontroll av heile brua, og skal være grunnlag for drifts- og vedlikehaldstiltak.

Tilsynssaka omfatta 1365 bruer i Region vest. Den viste at det ikkje er registrert planlagde og utførte inspeksjonar i bruforvaltningssystemet, Brutus, for ein stor del av desse.

Når det gjaldt oppfølging av resultat etter inspeksjonar, fann Vegtilsynet at skadar og tiltak vart lagt inn i «Brutus», men at oppdatering av «Brutus» etter at skadar er utbetra ikkje vert gjort konsekvent.

«Brutus» skal gi oversikt over tilstanden på bruene og styringsinformasjon i organisasjonen og til Samferdsledepartementet. Lågare kontrollfrekvens enn kva det er krav om, samt mangelfull oppdatering i «Brutus» etter gjennomføring av tiltak, kan gi eit feilaktig bilde av tilstanden på bruene.

Vegtilsynet har funne fem avvik i saka, som Region vest innan 1. juni 2017 skal gi tilbakemelding på korleis dei vil handtere.


1. Bakgrunn

Statens vegvesen forvaltar meir enn 17.000 bruer, ferjekaier og andre berande konstruksjonar på riks- og fylkesvegnettet. Av desse ligg 5000 bruer på riksveg.1 Av Nasjonal transportplan 2014–2023 går det fram at det «er behov for stor innsats for å utbedre tunneler og bruer».2 Vidare kan ein lese at «[r]egjeringens prioritering av vedlikehold har sammenheng med behovet for å sikre god framkommelighet og et høyt sikkerhetsnivå. De største og viktigste oppgavene vil være knyttet til tunneler, vegdekker, utskifting av vegutstyr, bruer og kaier, drenering og tunnelrensk.»3

I Statens vegvesen sitt handlingsprogram for same planperiode går det fram at «Statens vegvesen gjennomfører systematiske inspeksjoner av tunneler og bruer for at vedlikeholdet skal bli gjort til rett tid. Dette sikrer at skader blir oppdaget, overvåket eller rettet, slik at alvorlige hendelser ikke oppstår.»4 Vidare står det at: «Tilstandsutviklingen for bruer og ferjekaier har vært negativ over en lang periode, og det er behov for å øke innsatsen. Mange av bruene på riksvegnettet ble bygget på 1960- og 1970-tallet. Disse har nådd en levealder hvor det er behov for omfattende vedlikehold og rehabilitering for å opprettholde bæreevne og trafikksikkerhet.».

Vegtilsynet gjennomførte i 2016 ei tilsynssak om bruinspeksjonar i Region nord. Tilsynet viste lågare kontrollfrekvens av bruer enn det er krav om, og mangelfull oppdatering av bruforvaltningssystemet Brutus5 etter gjennomførte tiltak. Samla sett kan dette gi eit feil bilete av tilstanden på bruene.

Brutus viser per februar 2017 følgande oversikt over tal alvorlege skadar på bru per region (skadar med prioritet ≥12 som gjeld bereevne (B) og trafikksikkerheit (T) ).

2017-02 Figur 1


2. Mål og problemstillingar

Målet med tilsynet var å undersøke om Statens vegvesen, Region vest har oversikt over tilstanden på bruene i regionen.

For å undersøke dette såg Vegtilsynet på følgande problemstillingar:

Problemstilling 1
Vert inspeksjonar av bruer planlagt og utført i samsvar med krav?


Problemstilling 2

Vert resultat frå gjennomførte inspeksjonar følgt opp i samsvar med krav?

Vert det planlagt tiltak for skadar med høg prioritet, og vert Brutus oppdatert etter at tiltak er gjennomført?


Omgrepsbruk og avgrensing

Tilsynet var avgrensa til å omfatte vegbruer, bru i fylling og bruer på gang- og sykkelveg (G/S-bruer) på riks- og europaveg, og inspeksjonstypane enkel inspeksjon og hovudinspeksjon.

enkel inspeksjon er ein årleg enkel visuell kontroll av brua der føremålet er å kontrollere om det er oppstått alvorlege skader som på kort sikt kan påverke brua si bereevne, trafikksikkerheit, framtidig drift og vedlikehald samt miljø/estetikk.

hovudinspeksjon er ein visuell kontroll av heile brua der føremålet er å gjere ein tilstandskontroll for å kontrollere at brua fyller sin funksjon, og for å fastslå eventuelle behov for drifts- og vedlikehaldstiltak.

Det skal kvart år utførast inspeksjon av alle bruer som er opne for trafikk. Kva bruer som skal inspiserast og kva type inspeksjon som skal utførast i løpet av eit kalendarår skal gå fram av bruforvaltningssystemet Brutus.


3. Gjennomføring og metode

Tilsynssaka er gjennomført som ein revisjon.6

Vegtilsynet sendte varsel om tilsyn til Statens vegvesen, Region vest 01. februar 2017, der tilsynspart vart beden om å sende regional vedlikehaldsplan for bru, organisering av bruforvaltninga og rapport etter kvalitetsrevisjon for bru i 2016.

Det vart gjennomført intervju med dei ansvarlege for planlegging og utføring av enkelt- og hovudinspeksjonar i regionen.

Basert på det som kom fram under intervjua bad Vegtilsynet om ytterlegare dokumentasjon frå Region vest.

Vegtilsynet har også gjort datauttrekk frå Brutus.

Region vest har lagt alle forhold til rette for ei effektiv gjennomføring av tilsynet.


Problemstilling 1: Vert inspeksjon av bruer planlagt og utført i samsvar med krav?
For å undersøke om enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar vert planlagt, er Brutus gjennomgått for å samanlikne:

  • tal bruer med byggverkskategoriane vegbru, bru i fylling og G/S-bru og som har byggstatus trafikkert, med:
  • tal planlagde og enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar 2017.

I tillegg er det gjort eit uttrekk av bruer med status som planlagt. Dette er bruer som ikkje er opna for trafikk.
For å undersøke om enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar vart utført, var Brutus gjennomgått for å samanlikne:

  • tal planlagde enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar for perioden 2015–2016, med:
  • tal utførte enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar for perioden 2015–2016.

Det var også undersøkt i Brutus om inspeksjonar som er planlagt, men ikkje dokumentert utført eit år, var med i planlagde inspeksjonar året etter. Dette vart gjort ved å undersøke:

  • om dei enkle inspeksjonane som framleis har status som planlagt i 2016 er inkludert i planlagde inspeksjonar for 2017. Av 70 bruer vart det gjort eit tilfeldig utval på 35 (tabell 3 vedlegg 2)
  • om hovudinspeksjonar som framleis står med status planlagt i 2016, er inkludert i planlagde hovudinspeksjonar for 2017.


Problemstilling 2: Vert resultat frå utførte inspeksjonar følgt opp i samsvar med krav?
Opne skadar med prioritet 12­16 for region Vest var henta ut frå Brutus, og det vart kontrollert når skadane var registert fyrste gong.

Det v undersøkt om opne alvorlege skadar registrert i Brutus er med i regional vedlikehaldsplan.

Det er gjort ein gjennomgang av tiltak i program for bruvedlikehald i Hordaland for 2015–2016 for å kontrollere:

  • om tiltak i programmet har status som utført i Brutus
  • om opne alvorlege skader i Brutus er teke med i byggeprogram

 Symbol som er brukt for å illustrere tilsynsfunna:

Avvik
Mangel på etterleving av krav

Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hjå tilsynspart. Utan forbetring kan forholdet utviklast til eit avvik.

Ingen funn
Det undersøkte forholdet er i samsvar med krav

Utkast til rapport vart lagt fram for tilsynspart 24.03.2017, med frist for å gi tilbakemelding på faktafeil. I tilbakemelding frå region Vest vart det stilt spørsmål ved nokre av tala som går fram av vedlegg 2. Ein vart samde om at tala frå utkast til rapport kan nyttast.


4. Tilsynskriterium

Tilsynskriteria i saka baserar seg på og er utgreidd frå følgande kravdokument og prosessar:

Håndbok R411 Bruforvaltning,7 datert 1997 (heretter kalla Handbok R411)
Prosessen «Gjennomføre inspeksjoner av bruer og andre bærende konstruksjoner» i kvalitetssystemet

Relevante utdrag frå kravdokumenta går fram av vedlegg 1. Tilsynskriteria for kvar problemstilling er presentert under.


Problemstilling 1: Vert inspeksjon av bruer planlagt og utført i samsvar med krav?8
Brutus skal brukast til planlegging av enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar.

Enkle inspeksjonar skal planleggast slik at dei vert utført kvart år, men den enkle inspeksjonen kan utgå det året det vert utført hovudinspeksjon. Hovudinspeksjonar skal planleggast og utførast kvart femte år.

Ei bru skal registrerast som trafikkert når den er open for alminnelig trafikk. Dato for første inspeksjon vert sett automatisk når brua blir registrert som trafikkert. Tidspunkt for påfølgande enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar vert automatisk generert når ein planlagt inspeksjon er utført.

Planlagde inspeksjonar skal vera utført innan utgangen av året. Utførte enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar skal registrerast i Brutus.


Problemstilling 2: Vert resultat frå gjennomførte inspeksjonar følgt opp i samsvar med krav?9 
Dersom det ikkje vert tildelt midlar til å utføre tiltak på bruene, skal det gjerast ei prioritering ut frå ei vurdering av kva tiltak som kan utsettast med minst mogeleg tekniske eller økonomiske konsekvensar.

Brutus skal brukast til planlegging av oppgåver innan vedlikehald av bruer og til oppfølging av desse oppgåvene. Av dette følger at resultat frå vedlikehald skal registrerast i Brutus.


5. Tilsynsresultat

Vedlegg 3 viser dokumentasjonen Vegtilsynet har mottatt. Region vest har opplyst at planlagt kvalitetsrevisjon for «Bruer og andre bærende konstruksjoner» i 2016, ikkje er gjennomført.


Problemstilling 1

Tilsynskriterium: Brutus skal brukast til planlegging av enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar. Data om nye bruer skal leggast inn i Brutus.


Innhenta data
Datauttrekk frå Brutus viser at det i Region vest er registrert 1365 trafikkerte bruer på riks- og europaveg for byggverkskategoriane vegbru, bru i fylling og G/S-bru (tabell 1, vedlegg 2.) For dette utvalet er det i 2017 planlagt 391 inspeksjonar fordelt på 255 enkel- og 148 hovudinspeksjonar (tabell 2, vedlegg 2). For same utval er det registrert 91 bruer med status som planlagt. Desse er ikkje med i tal bruer som skal inspiserast årleg.

Under intervjua kom det fram at planlegging av inspeksjonar delvis skjer i Brutus, og at dette vert gjort ulikt mellom vegavdelingane i regionen. For ei av vegavdelingane vart det forklart at planlegging av både enkel- og hovudinspeksjonane skjer i Brutus, medan det for dei to andre i Region vest vart opplyst at hovudinspeksjonane vert planlagt i Brutus. Enkeltinspeksjonar vert delvis planlagt i Brutus og elles ved hjelp av lister i excel, men grunnlaget for listene er basert på data frå Brutus. To av dei intervjua meinte at det er lite effektivt å gjennomføre årleg inspeksjon av alle bruer, og at enkeltinspeksjonane burde prioriterast etter tilstand.

Det kom også fram i intervju at det førekjem at nye bruer står med feil status i Brutus etter at dei er opna for trafikk. Av dei 91 bruene som står med status som planlagt, var 17 av opne for trafikk. For sju av bruene er opplyst frå regionen at ein er usikker på om statusen er riktig.


Vurdering
Brutus vert ikkje nytta slik det er krav om ved planlegging av enkeltinspeksjonar. Datauttrekk og intervju viser at det ikkje vert planlagt årlege enkeltinspeksjonar for eit stort tal bruer. Sjølv om det for to av vegavdelingane er forklart at dette vert gjort på andre måtar enn i Brutus, kan ikkje regionen dokumentere at den planlegg årlege inspeksjonar for alle bruer.

Feil status for trafikkerte bruer kan medføre at bruer som skulle vore inspisert ikkje vert tatt med i planlegginga av inspeksjonar, og at dei heller ikkje vert tatt omsyn til når det til dømes føreligg dispensasjonssøknad for spesialtransport.

Funn 1 - avvik
Det vert ikkje planlagt årlege inspeksjonar for alle bruer i Region vest.

Funn 2 - avvik
Region vest har ikkje tilstrekkelege rutinar som sikrar at bruer som er opne for trafikk har rett status i Brutus.


Tilsynskriterium: Planlagde inspeksjonar skal vere utført innan utgangen av kalendaråret. Utførte enkeltinspeksjonar og hovudinspeksjonar skal registrerast i Brutus.

Innhenta data
Datauttrekk i Brutus viser at det er differanse mellom tal planlagde og tal utførte inspeksjonar for både 2015 og 2016. Dette gjeld både for enkel- og hovudinspeksjonar (tabell 3, vedlegg 2). For 2016 vart det planlagt 541 inspeksjonar, medan det er utført 383 inspeksjonar totalt i regionen.

Enkeltinspeksjonar som ikkje er dokumentert utført eit år er i liten grad med i planlagde inspeksjonar året etter (tabell 4, vedlegg 2). For 35 undersøkte bruer er det fem av desse som er med i planlagde inspeksjonar året etter. Det er registrert 88 hovudinspeksjonar som er planlagt men ikkje utført i 2016 (tabell 3, vedlegg 2). Ingen av desse er med i planlagde inspeksjonar for 2017.

I intervjua kom det fram at enkle inspeksjonar i hovudsak vert gjennomført av personell på driftskontraktane, men at desse ikkje legg resultat frå inspeksjonane i Brutus. Det vart også opplyst at det ikkje er tilstrekkeleg kontroll med at driftskontraktane utfører alle inspeksjonar dei skal. For ein av vegavdelingane vart det opplyst at resultat frå alle hovudinspeksjonar utført i 2016 enno ikkje er oppdatert i Brutus.


Vurdering

Brutus vert ikkje nytta til å dokumentere at inspeksjonar er utført, slik det skal. Differansen mellom utførte inspeksjonar og tal bruer er stort. Det er for få planlagde inspeksjonar i høve til tal bruer. Regionen kan ikkje dokumentere at inspeksjonar er utført på dei bruene der det er planlagt inspeksjonar. Vegavdelingane i Region vest dokumenterer utførte inspeksjonar i Brutus ulikt.

Samla sett gir manglande registrering og ulik praksis mellom vegavdelingane liten oversikt over kor mange inspeksjonar som er utført.

Funn 3 - avvik
Det vert ikkje utført årlege inspeksjonar for alle bruer i Region vest.


Problemstilling 2
Tilsynskriterium: Brutus skal brukast til planlegging av oppgåver innan vedlikehald av bruer og til oppfølging desse oppgåvene. Av dette følger at resultat frå vedlikehald skal registrerast i Brutus.


Innhenta data

I Region vest er det for riks- og europaveg registrert 148 opne alvorlege skader (prioritet 12–16) fordelt på 95 bruer. Over halvparten av skadane er registrert fyrste gong i Brutus i 2012 eller tidlegare (tabell 5, vedlegg 2). I tilsendt regional vedlikehaldsplan for bru er det planlagt tiltak for seks av dei 95 bruene der det er registert alvorlege skader.

Alle tiltak i program for bruvedlikehald i Hordaland 2015-2016, står framleis registert som planlagt i Brutus.

Av dei 95 bruene der det er registrert alvorlege skadar, er fire med i program for bruvedlikehald i Hordaland 2015–2016.

Det vart stadfesta i intervju at mange av tiltaka som vert utført på bru vert gjort gjennom eigne områdevise vedlikehaldskontraktar. Det er dei største reparasjons-/vedlikehaldsprosjekta som er med i den regionale vedlikehaldsplanen. Det kan vere skilnad mellom registrert skadeprioritet i Brutus og vurderingar av same skade gjort av prosjekt-/byggjeleiar utan at Brutus vert oppdatert.

Gjennomgang av registerte alvorlege skadar viser at det for ei av vegavdelingane ikkje er registrert tiltak for nokon av desse i Brutus. For dei to andre vegavdelingane er det god samanheng mellom alvorlege skadar og planlagde tiltak.


Vurdering
I Region vest er det ulik praksis når det gjeld korleis Brutus vert nytta ved oppfølging av alvorlege skadar og planlegging av tiltak. Ei av vegavdelingane har ikkje planlagt tiltak i Brutus på bruene med alvorlege skadar, medan dette er gjort for dei to andre vegavdelingane.

At alle tiltak i program for bruvedlikehald i Hordaland 2015-2016 framleis står registert som planlagt tyder på at Brutus ikkje vert systematisk oppdatert etter at tiltak er utført.

Funn 4 - avvik
Det vert ikkje planlagt tiltak i Brutus for alle skader med høg prioritet.

Funn 5 - avvik
Brutus vert ikkje systematisk oppdatert etter at tiltak er utført.

Oppfølging av funn

Statens vegvesen, Region vest skal innan frist som går fram av følgebrev kome med tilbakemelding på korleis avvik vil bli handtert, saman med ein plan for gjennomføring av eventuelle tiltak. På bakgrunn av tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av saka.



Vedlegg 1: Relevante utdrag frå kravdokument

Håndbok R411 Bruforvaltning
A-6.3 Prioriteringer
[…]
Dersom det ikke tildeles midler til å utføre den optimale strategien på de enkelte bruene, skal det foretas en prioritering mellom dem ut fra en vurdering av hvilke tiltak som kan utsettes med minst mulig teknisk/økonomiske konsekvenser. Det kan også være aktuelt å endre strategi.

A-10 IT-systemer
Brutus skal benyttes til planlegging av oppgaver innen forvaltning, drift og vedlikehold av bruer og oppfølging av disse oppgavene. Bruvedlikeholdsansvarlig er ansvarlig for innlegging av resultater fra utførte inspeksjoner og vedlikehold.

Bruvedlikeholdsansvarlig er også ansvarlig for å legge inn data om nye bruer i BRUTUS, samt ajourføre disse når det gjøre endringer på bruene, f. eks. etter ombygninger og forsterkninger.

B-2.1.3 Gjennomføring av inspeksjoner
Inspeksjoner, oppmålinger og materialundersøkelser som inngår i det endelige inspeksjonsprogrammet skal senest være gjennomført innen utgangen av det aktuelle året.

B-2.1.4 Registrering av inspeksjonsresultater
Det skal foretas en systematisk registrering av skader som oppdages og oppmålinger og materialundersøkelser som utføres. Registreringene skal gjøres i Brutus.

B-2.2.3 Enkel inspeksjon, Intervaller
Det generelle kravet er at enkel inspeksjon skal utføres hvert år, og første gangs inspeksjon av denne type utføres året etter overlevering.

Enkel inspeksjon kan sløyfes det året hovedinspeksjon utføres.

B-2.2.4 Hovedinspeksjon, Intervaller
Det generelle kravet er at hovedinspeksjon skal utføres hvert 5. år for bruer og hvert 3. år for ferjekaier og bevegelige bruer. […]


Håndbok V440 Bruregistrering

6.2 Brustatus
Brustatus angir i hvilken fase/ stadium byggverket er i sitt livsløp: planlagt, nybygd, trafikkert, nedlagt/sperret eller revet. […]

3. Trafikkert
Med status «trafikkert» menes at byggverket er ferdigstilt og overlevert, og den påvirker ferdselen enten ved at:

  • brua er åpen for alminnelig biltrafikk, g/s-trafikk eller annen trafikk som tog etc.
  • brua går over trafikkert veg, dvs. at trafikken under brua kan påvirkes av høydebegrensninger.


Vedlegg 2: Tabellar

2017-02 tabell 1
Tabell 1: Tal bruer i Region vest med byggstatus trafikkert per februar 2017
2017-02 tabell 2
Tabell 2: Registrerte bruer og planlagde inspeksjonar per februar 2017
2017-02 tabell 3
Tabell 3: Planlagde og utførte inspeksjonar 2015 og 2016
2017-02 tabell 4
Tabell 4: Utval av enkeltinspeksjonar som ikkje er utført i 2016 per februar 2017
2017-02 tabell 5.1
2017-02 tabell 5.2
2017-02 tabell 5.3
2017-02 tabell 5.4
2017-02 tabell 5.5
Tabell 5: Registrerte skader på vegbruer i region vest med prioritet 12-16. Gjeld riks- og europaveg

Vedlegg 3: Mottatt dokumentasjon

  • Plan for bru- og kaivedlikehald på post 23 2016-2017
  • Kvalitetsplan for arbeidsgruppe bru/kai
  • Prosjektark fornying av Skipenes bru E39
  • Oversikt over utførte enkle inspeksjonar i Stavangerområdet 2016
  • Byggeprogram bruvedlikehald Hordaland


Last ned tilsynsrapporten som PDF