Tilsynsprosessen

E6 i Sør-Trøndelag

Ved oppstart av ei tilsynssak vert tilsynsparten kalla inn til eit informasjonsmøte/dialogmøte for å avklare rammene for tilsynet.

Tilsynet vert gjennomført som kombinasjon av dokumentgjennomgang, spørjeundersøking, intervju og stikkprøver. Det vert lagt vekt på å finne fram til objektive funn som anten viser samsvar eller avvik frå krav i lover, forskrifter, handbøker og andre kravstandardar som t.d. krav i internt kvalitetssystem.

Ein tilsynsrapport kan peike på eit eller fleire forhold som ikkje er i samsvar med krav. Eit avvik er definert som mangel på etterleving av krav. Ein observasjon er eit tilhøve der ein ser data opp mot tilsynskriteria, og det er moglegheiter for forbetring. Utan forbetring kan forholdet utviklast til eit avvik.

Bruk av verkemiddel er ei sentral og nødvendig del av oppgåva med å føre tilsyn. Vegtilsynet har som mål å berre bruke verkemiddel når det er nødvendig.

Fram til 2017 ga Vegtilsynet tilrådingar til tilsynpart for oppfølging av tilsynsfunn. Frå årsskiftet blei veglova endra og tilrådingar skifta ut med dialog, pålegg og tvangsmulkt.

Det vanlegaste og mildaste verkemiddelet Vegtilsynet har er dialog. Viss tilsynssaka avdekker avvik, ber Vegtilsynet om ei utgreiing frå tilsynspart for korleis avviket vil bli handtert, med frist for tilbakemelding. For observasjonar blir tilsynspart bedt om å gje ei vurdering av desse, men utan at det er krav til at tilsynspart skal gjera tiltak. Frist for tilbakemelding vil vera ulik frå sak til sak avhengig av saka sin kompleksitet. Ein månads frist kan nyttast som rettesnor.

Vegtilsynet vurderer deretter om tiltaka tilsynspart har foreslått for å lukke avvika er eigna, og gir ein frist for å rapportere gjennomførte tiltak. Når Vegtilsynet mottar dokumentasjon på gjennomførte tiltak, vert det vurdert om avvika er tilstrekkeleg handtert eller om det er behov for vidare oppfølging. Dersom Vegtilsynet meiner avvika er følgt opp på ein tilfredsstillande måte, vert saka lukka.

Pålegg er eit verkemiddel som er juridisk bindande for tilsynspart, noko som inneber at tilsynspart har lovmessig plikt til å etterkome pålegget.

Saman med utkast til tilsynsrapport får tilsynspart eit følgebrev med ei beskriving av aktuelle pålegg, samt utkast til frist for å utføre pålegget. Varselet inneheld òg ei henvising til heimelen for vedtaket.

Tilsynspart får ein frist til å kommentere varsel om pålegg. Frist for kommentar er den same som frist for faktasjekk av utkast til tilsynsrapport.

Endeleg tilsynsrapport vert sendt tilsynspart saman med følgebrev som beskriv eventuelle vedtak om pålegg etter tilsynet. Vedtak etter tilsyn er eit enkeltvedtak, og tilsynspart kan klage over vedtaket etter reglane for klage i forvaltningslova.

Oversending av brev med endeleg vedtak inneheld fristar for å utføre pålegg og korleis tilsynspart skal dokumentere utbetring eller melde tilbake til Vegtilsynet at pålegget er utbetra. Fristen kan vere forskjellig frå sak til sak og er avhengig av saka si kompleksitet. Ein månads frist vert likevel nytta som rettesnor.

Vegtilsynet skal innan fristen motta dokumentasjon som viser at tilsynspart har innretta seg etter pålegga. Vegtilsynet gjennomgår dokumentasjon på gjennomførte tiltak og vurderer om pålegga er tilstrekkeleg handtert. Vegtilsynet kan velje å verifisere dei tiltaka som er gjort for å rette pålegga eller om nødvendig gjere ytterlegare oppfølging. Dersom pålegga er følgt opp på ein tilfredsstillande måte, vert tilsynssaka lukka.

Dersom pålegga ikkje vert oppfylt innan fastsatt frist, vil det bli aktuelt å gi tvangsmulkt. Før tvangsmulkt vert gitt, skal det sendast varsel til tilsynspart. Tvangsmulkta kan knytast til alle pålegga i eit vedtak, eller berre til enkelte delar av vedtaket.

Når fristen i varselet om tvangsmulkt er gått ut, skal det fattast vedtak om tvangsmulkt. Vedtak om tvangsmulkt skal oversendast Statens innkrevingssentral som har ansvar for inndrivinga.

Tilsynsrapporten er offentleg. Normalt vil det gå ein eller to dagar frå ferdig tilsynsrapport er oversendt tilsynspart, til den vert publisert i media.