Regelverk

Fra Ålesundtunnelane

Ifølgje instruksen skal Vegtilsynet føra tilsyn med at krav om tryggleik knytt til riksveginfrastrukturen er teke i vare av Statens vegvesen og Nye Veier AS. Desse krava kan vera både eksterne (for eksempel lov, forskrift og normalar) og interne krav. Vegtilsynets verksemd omfattar ikkje krav om tryggleik knytt til trafikant eller køyretøy.

Det er vidare fastsett i instruksen at Vegtilsynet skal foreslå endringar i gjeldande regelverk, så langt det er naudsynt for å betra tryggleiken i veginfrastrukturen for transport på offentleg veg.