Personvernerklæring

Lov om vegar (veglova)

Vegtilsynet fører tilsyn etter veglova og kan i den samanhengen lagre personopplysningar.

Vegtilsynet behandlar òg personopplysningar i samanband med rekruttering og tilsettingar. 

Postjournal og innsyn

Vegtilsynet er pålagd å føre inngåande og utgåande saksdokument etter forskrift til offentlegheitslova §6.

Vegtilsynet publiserer postliste på einnsyn.no. Førespurnad om innsyn i dokumenta kan gjerast på einnsyn.no 

Nettsida vegtilsynet.com

Vegtilsynet lagrar ikkje personopplysningar om besøkande på nettsida.

Det vert ikkje lagra informasjonskapslar eller analysedata utanom enkel besøksstatistikk. Denne kan ikkje kan sporast tilbake til brukarane.

Eksempel på slik statistikk er:

  • tal besøk på vegtilsynet.com
  • kva sider som blir besøkt
  • kor lenge besøket varer
  • kva nettlesar som blir brukt

Vegtilsynet brukar ikkje verktøy for å analysere brukaråtferden på vegtilsynet.com.

Klage på behandling av personopplysningar

Viss du meiner Vegtilsynet ikkje overheld reglane for behandling av personopplysningar kan du kontakte vårt personvernombud på: post(at)vegtilsynet.com

Ein kan òg klage på behandling av personopplysningar hjå Datatilsynet. Meir informasjon finn du på datatilsynet.no