Trygge vegar og færre alvorlege ulukker

Riksveg 7, Hallingdal

Målet med eit statleg vegtilsyn er å betre tryggleiken i trafikken i tråd med nullvisjonen og nasjonalt fastsette mål.

Som trafikant vil du at Statens vegvesen og Nye veier as skal bygge og drifte vegane slik at dei er trygge å køyre på. Vegtilsynet skal føre tilsyn med at Statens vegvesen og Nye veier gjer det dei skal med omsyn til lov og regelverk. Vegtilsynet kan også gjere framlegg om endringar i lovverket der krava ikkje er tilstrekkelege i høve til trafikktryggleik.

Vegtilsynet skal vere bygd opp som eit risikobasert systemtilsyn.

Systemtilsyn inneber tilsyn med at tilsynspartane har tilstrekkelege og effektive styringssystem for å sikre trafikktryggleik når det gjeld planlegging, bygging, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Sagt på ein annan måte: Sjå til at vegeigarane har system som kan fjerne trafikkfarlege tilhøve på vegane.

At tilsynet er risikobasert vil seie at Vegtilsynet prioriterer dei tilsynssakene som har størst effekt på trafikktryggleiken på vegane.

Hull i vegen og ulukker. Viktig informasjon om trafikk og veg skal meldast til Staten vegvesen sin Vegtrafikksentral på telefon 175. Vegtilsynet vil sjå til at Statens vegvesen har effektive system for å handsame vegmeldingar som gjeld trafikktryggleik. Ved alvorlege ulukker er det politi og ulukkesgruppa i Statens vegvesen og eventuelt Statens havarikommisjon som granskar ulukkene.