Instruks for Vegtilsynet

Riksvei 13, Odda

Fastsett av Samferdselsdepartementet 19. desember 2016 med heimel i lov 21. juni 1963 nr 23 om vegar (veglova) § 11a andre ledd.

  

1. Organisering
 

Vegtilsynet er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet.

 

2. Føremål
 

Vegtilsynet er Samferdselsdepartementet si fageining som skal føre tilsyn med at krav om tryggleik knytt til riksveginfrastrukturen er teke i vare av Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg.

 

Vegtilsynet skal arbeide for at Statens vegvesens og det statlege utbyggingsselskapet for veg si verksemd vert utøvd på ein sikker og føremålstenleg måte til det beste for trafikantane på vegen. Tilsynet skal vidare vere ein aktiv pådrivar for eit sikkert og føremålstenleg vegnett i tråd med overordna mål for transportpolitikken.

 

3. Avgrensing
 

Vegtilsynet sine oppgåver omfattar ikkje myndigheitsområde som høyrer inn under andre statlege kontroll- og tilsynsorgan, som til dømes Politiet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Arbeidstilsynet.

 

Vegtilsynet skal i naudsynt utstrekning samordne seg med, og samarbeide med statlege tilsynsorgan og andre verksemder for å bygge kompetanse der dette kan gi ein gevinst ut frå effektiv ressursbruk og omsyn til brukarane.

 

4. Arbeidsoppgåver
 

Vegtilsynet skal vere bygd opp som eit risikobasert systemtilsyn.

 

Vegtilsynet skal mellom anna:

 

  • føre tilsyn med at Statens vegvesen og det statlege utbyggingselskapet for veg har og bruker tilstrekkelege og effektive styringssystem for å ta i vare tryggleiken knytt til riksvegane.
  • foreslå endringar i regelverket dersom det er nødvendig for å betre tryggleiken knytt til riksvegane.
  • informere om Vegtilsynet si verksemd.
  • uttale seg i saker som vert forelagt av Samferdselsdepartementet og i den utstrekning departementet ber om det, bistå ved handsaming av saker mv., og på eige initiativ ta opp saker på ansvarsområdet sitt.
  • i samråd med Samferdselsdepartementet, delta i internasjonalt arbeid med sikte på å ta i vare Noreg sine interesser på Vegtilsynet sitt ansvarsområde, og der dette har verdi for Vegtilsynet sitt arbeid.
  • ta initiativ til FoU-verksemd og andre faglege utgreiingar på Vegtilsynet sitt ansvarsområde.

Vegtilsynet skal rapportere til Samferdselsdepartementet i løpet av året og i ein eigen årsrapport om tilsynet sitt arbeid og resultat.

 

Vegtilsynet si verksemd skal utøvast innanfor gjeldande lover og reglar, og i samsvar med dei krava som er fastsette i styringsdialogen. Sakshandsaminga skal skje i samsvar med god forvaltingskikk og etter dei reglane som gjeld for sakshandsaming i offentleg sektor.

 

5. Dagleg leiing
 

Den daglege leiinga av Vegtilsynet vert utøvd av ein direktør.

 

Direktøren vert tilsett av Kongen etter innstilling frå samferdselsministeren.

 

Vegtilsynsdirektøren skal:

 

  • orientere og rapportere til Samferdselsdepartementet om viktige saker som gjeld Vegtilsynet sitt ansvarsområde.
  • syte for god kvalitet på dei saker som vert lagt fram for Samferdselsdepartementet.
  • avgjere alle saker som ikkje krev godkjenning frå overordna myndigheit.
  • syte for at Vegtilsynet vert drive effektivt i samsvar med gjeldande lover og reglar og i samsvar med dei krava som vert fastsette i styringsdialogen.
  • syte for at det ligg føre dokumenterbare system for intern kontroll og risikostyring og at det vert gjennomført evalueringar om tilsynsverksemda si effektivitet, måloppnåing og resultat.

Direktøren kan på avgrensa område delegere si myndigheit til andre tilsette i tilsynet og gi nærare instruks om utføringa av den delegerte myndigheit generelt eller for den enkelte sak.

 

6. Myndigheit til å fastsetje instruks
 

Samferdselsdepartementet har myndigheit til å fastsette ny instruks eller foreta endringar i instruksen.

 

7. Ikraftsetjing
 

Instruksen trer i kraft 1. januar 2017.

 

Frå same tidspunkt vert instruks 15. juni 2012 nr. 523 for Vegtilsynet oppheva.