Vegdirektoratet følger ikkje opp avvik i tunnelane

Røldalstunnelen på E134

Vegdirektoratet følger ikkje opp resultat frå inspeksjonar i dei tunnelane som ikkje er oppgraderte, og tar ikkje det ansvaret dei har ifølge tunnelsikkerheitsforskrifta, meiner Vegtilsynet i ny tilsynssak.

Vegtilsynet har undersøkt om Statens vegvesen tek i vare sikkerheita i tunnelar som ikkje er oppgraderte etter tunnelsikkerheitsforskrifta. Vegtilsynet har sett på gjennomføring og oppfølging av periodiske inspeksjonar, som er viktig for at Vegdirektoratet skal ha oversikt over sikkerheita i tunnelane, og skal gi grunnlag for å prioritere og følge opp tiltak dersom den ikkje er i tråd med tunnelsikkerheitsforskrifta.

 

Periodiske inspeksjonar skal gjennomførast minst kvart sjette år for å undersøke om tunnelar over 500 meter er i samsvar med tunnelsikkerheitsforskrifta. Det er viktig at Statens vegvesen har eit godt system for planlegging, gjennomføring og oppfølging av periodiske inspeksjonane for å kunne vite om sikkerheita i tunnelane er ivaretatt. Tunnelforvaltnings-systemet i Statens vegvesen heiter PLANIA.

 

Tilsynssaka viste at Vegdirektoratet ikkje har ein overordna nasjonal plan for gjennomføring av periodiske inspeksjonar av tunnelane som ikkje er oppgraderte, og at 87 prosent av dei periodiske inspeksjonane blir gjennomførte, men blir ikkje følgt opp av Vegdirektoratet i tråd med krav.

 

Vegtilsynet fann også at Vegdirektoratet:

 

  • ikkje har organisert gjennomføring av inspeksjonar på ein slik måte at den sikrar uavhengige vurderingar
  • ikkje har sikra at gjennomføring av periodiske inspeksjonar avdekker om minstekrav i tunnelsikkerheitsforskrifta blir følgt
  • ikkje følger opp dei periodiske inspeksjonane. Det blir avdekka et stort tal avvik og svakheiter under inspeksjonane, men Vegdirektoratet følger ikkje opp funn, eller har nasjonal oversikt, slik føremålet med PLANIA er. Vegdirektoratet får difor ikkje oversikt som kan brukast til å prioritere og sette inn tiltak.
  • ikkje har oppdaterte sentrale retningslinjer

 

Vegtilsynet har funne 5 avvik som vil bli følgt opp med Vegdirektoratet.

 

Vegtilsynet meiner det er alvorleg at Vegdirektoratet manglar systematikk, som til dømes bruk av PLANIA, i arbeidet med sikkerheit i dei tunnelane som ikkje er oppgraderte, og slurvar med rolla si når det gjeld krava i tunnelsikkerheitsforskrifta.

Nr. Navn Tema Tilsynspart
2018-08 Trafikksikkerheit i tunnelar som ikkje er oppgraderte Tunnelsikkerhet Statens vegvesen, Vegdirektoratet