Samordning av vedlikehaldstiltak

Lågt rekkverk på riksveg 9 i Telemark

Vegtilsynet har undersøkt om Region vest samordnar ulike vedlikehaldstiltak slik at til dømes rekkverk vert sett i stand når ein legg ny asfalt.

Bakgrunn for saka var blant anna at Statens vegvesen både i handlingsprogrammet og i Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet legg vekt på samordning mellom ulike vedlikehaldstiltak.

Målet med saka var å undersøke om Region vest samordnar ulike vedlikehaldstiltak på veg slik at trafikksikkerheita vert ivaretatt, med spesiell vekt på samordning av dekkelegging og rekkverkstiltak.

Vegtilsynet ville for det første undersøke om regionen har eit system for å sikre at dekketiltak og rekkverkstiltak vert samordna i budsjettarbeidet. Deretter ville ein sjå om vegavdelingane sikrar at rekkverk også i praksis vert sett i stand ved legging av nytt dekke.

Tilsynssaken viste at Region vest har beskrive og vektlagt ein slik samordning både i strategidokumentet og i budsjettretningslinjene. Når det gjeld kartlegging og innmelding av behov for tiltak, vert systemet følgt i praksis. Det er likevel ulik praksis i vegavdelingane for å kartlegge og melde inn behov for midlar til rekkverk på dekkestrekningane, og Vegtilsynet fann at rekkverk er ikkje er sett i stand på alle strekningane der det er asfaltert.

Vegtilsynet meiner difor at Region vest ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar at vedlikehaldstiltak som gjeld dekkelegging og reparasjon av rekkverk er samordna slik at trafikksikkerheit vert ivaretatt.