Tilsyn med skredsikrings- og skredvernstiltak i fire driftskontraktar i Region vest

Manglande etterleving av krav til inspeksjon og dokumentasjon av skredsikrings- og skredvernstiltak var gjennomgåande då Vegtilsynet førte tilsyn med fire driftskontraktar i Region vest.

Vegtilsynet undersøkte om tre vegkontor og fire driftskontraktar i Region vest etterlever krav til oppfølging av skredsikrings- og skredvernstiltak på riksvegane. Saka er ein av fleire som tek føre seg skredsikring og skredvern rundt om i landet.

 

Dei undersøkte vegkontora og driftskontraktane var:

 

Vegseksjon Voss og Hardanger, driftskontrakt 1206 Voss (2014–2019)

Vegseksjon Fjordane, driftskontrakt 1404 Ytre Sunnfjord (2013–2018) og 1405 Indre Sunnfjord (2015–2020)

Vegseksjon Haugesund, driftskontrakt 1105 Indre Ryfylke (2015–2020)

 

Tilsynssaka viste at ingen av driftskontraktane kan dokumentere at dei inspiserer og driftar skredsikrings- og skredvernstiltaka i tråd med krav. Dette kan medføre at funksjonen ikkje vert oppretthalde over tid, og at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett. Dette kan medføre fare for trafikantane.


Vegtilsynet fann at Vegseksjon Voss og Hardanger:

  • manglar inspeksjonsplanar for 43 av 81 (53 prosent) av skredsikringsobjekta i driftskontrakt Voss; 
  • ikkje oppdaterer objektlistene undervegs i kontraktsperioden. Planen sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert;
  • ikkje har gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplan for skredsikrings- og skredverntiltak i 2015;
  • ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplan for 20 av 38 (52 prosent) av skredsikringsobjekta i 2016 og 2017;  
  • ikkje kan dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt Voss har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.

Vegtilsynet fann at Vegseksjon Fjordane:

  • ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i tråd med inspeksjonsplanen for 4 av 30 (13 prosent) av skredsikringsobjekta i driftskontrakt Ytre Sunnfjord;
  • ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i tråd med inspeksjonsplanen for 14 av 51 (27 prosent) av skredsikringsobjekta i driftskontrakt Indre Sunnfjord;  
  • ikkje kan dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt Ytre Sunnfjord og Indre Sunnfjord har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.

Vegtilsynet fann at Vegseksjon Haugesund:

  • manglar inspeksjonsplanar for 70 av 111 (63 prosent) av skredsikringsobjekta i driftskontrakt Indre Ryfylke;
  • ikkje oppdaterer objektlistene undervegs i kontraktsperioden. Planane sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert;
  • ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplanen for skredsikrings- og skredverntiltak i 2016 og 2017;
  • ikkje har utført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplanen for 40 av 41 skredsikringsobjekt i 2018.  
  • ikkje kan dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt Indre Ryfylke har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.
Nr. Navn Tema Tilsynspart
2018-12 Klimatilpasning i driftsfasen Voss og Hardanger Drift og vedlilkehold Statens vegvesen, Region vest
2018-12 Klimatilpasning i driftsfasen Fjordane Drift og vedlikehold Statens vegvesen, Region vest
2018-12 Klimatilpasning i driftsfasen Haugesund Drift og vedlikehold Statens vegvesen, Region vest