Manglande drift og vedlikehald av skredsikringstiltak i Region midt

Statens vegvesen, Region midt inspiserer og drifter ikkje skredsikrings- og skredvernstiltaka sine godt nok. Det meiner Vegtilsynet i ny tilsynssak, der dei òg har inspisert delar av vegnettet i regionen.

Vegtilsynet ville undersøke om Statens vegvesen, Region midt etterlever krav til drift og vedlikehald av skredsikrings- og skredvernstiltak som til dømes is- og skrednett, steinsprangnett og skredvollar, på riksvegane.

 Undersøkinga omfatta fire driftskontraktar i Region midt:

  • 1500    Ålesund E39
  • 1503    Indre Romsdal E136
  • 1505    Indre Nordmøre Rv 70
  • 1604    Gauldal Oppdal E6

Samla sett viste tilsynssaka at regionen ikkje inspiserer og drifter dei utvalde skredsikringsobjekta i tråd med krav. Dette kan føre til at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett, og kan vere farlege for trafikantane.

Vegtilsynet avdekka tre avvik i saken, og det vart gjort éin observasjon.

Vegtilsynet fann at:

  • regionen ikkje oppfyller krav til at inspeksjonsplanane tydeleg skal definere type inspeksjon og frekvens;
  • objektlistene i inspeksjonsplanane ikkje vert oppdatert undervegs i kontraktsperioden, og difor ikkje sikrar at alle objekt vert inspisert. 
  • regionen ikkje utfører inspeksjon for alle skredsikrings- og skredvernstiltak i samsvar med krav; 
  • regionen ikkje kan dokumentere at dei utvalde objekta har funksjon og utsjånad i tråd med krava til standard for drift og vedlikehald på riksvegane.
Nr. Navn Tema Tilsynspart
2018-05 Klimatilpasning i driftsfasen – skred. Region midt Drift og vedlikehold Statens vegvesen, Region midt