Mangelfull oversikt over tilstanden på bruene i Region vest

Vegtilsynet har undersøkt om Statens vegvesen, Region vest har oversikt over tilstanden på bruene i regionen. Ein slik oversikt er viktig når vedlikehaldstiltak skal prioriterast slik at sikkerheita vert teke i vare.

Statens vegvesen forvaltar meir enn 17 000 bruer, ferjekaier og andre bærande konstruksjonar på riks- og fylkesvegnettet. Av desse ligg om lag 5 000 bruer på riksveg. Statens vegvesens forvaltning av desse skjer gjennom bruforvaltingsystemet «Brutus».

 Region vest har 1365 bruer som fell inn under rammene for tilsynet.  Tilsynet har vist at det ikkje er planlagt inspeksjon for om lag 70 prosent av desse i 2017.

 Det er krav om at inspeksjonar av bruer skal gjerast årleg, anten i form av enkel- eller ein hovudinspeksjon. Ved ein enkel inspeksjon er føremålet å kontrollere om det er oppstått alvorlege skader som på kort sikt kan påverke mellom anna bereevne og trafikksikkerheit. Ein hovudinspeksjon er ein visuell kontroll av heile brua som grunnlag for drifts- og vedlikehaldstiltak.

 Det var utført vesentleg færre inspeksjonar enn tal planlagde både i 2015 og 2016.  I tillegg var trenden negativ frå 2015 til 2016. I 2015 var 86 prosent av dei planlagde inspeksjonane gjennomført, medan det i 2016 vart gjennomført 70 prosent av planlagde inspeksjonar.

 Inspeksjonar som fell ut av programmet for eitt år skal overførast til året etter. Vegtilsynet fann for eit utval enkel-inspeksjonar som ikkje var gjennomført i 2016, at om lag femten prosent var overført frå 2016 til 2017. Dette betyr at omfanget av bruer som ikkje vert inspisert årleg truleg vil auke.

 Når det gjaldt oppfølging av resultat etter inspeksjonar, fann Vegtilsynet at skadar og tiltak vart registrert i «Brutus», men at oppdatering av «Brutus» etter at skadar er utbetra ikkje vert gjort konsekvent.

 «Brutus» skal gi oversikt over tilstanden på bruene og styringsinformasjon i organisasjonen og til Samferdsledepartementet. Lågare kontrollfrekvens enn kva det er krav om, samt mangelfull oppdatering i «Brutus» etter gjennomføring av tiltak, kan gi eit feilaktig bilde av tilstanden på bruene.

Vegtilsynet har funne fem avvik i saka. Region vest skal innan 1. juni 2017 gi tilbakemelding på korleis dei vil handtere avvika.