Ledig stilling som controller

Vi søker etter deg som har engasjement for Vegtilsynet sine mål og sikre veger. Har du erfaring med mål- og resultatstyring og rekneskap, treng vi din kompetanse.

Vegtilsynet bruker Direktoratet for økonomistyring (DFØ) sine system og tenester for rekneskap og løn. Vi treng ein Controller som kan handtere grensesnittet mellom Vegtilsynet og tjenesteleverandørane, samt fungere som vår interne fagperson innan rekneskap og økonomi. Du vil ha ei sentral rolle i intern og ekstern målstyring, og i oppfølging og rapportering.

Stillinga er fast og vert løna som rådgivar/seniorrådgivar.

 

Ansvarsområder

  • rekneskap (attestasjon, remittering, kontroll og kontakt mot DFØ)
  • budsjett, prognose og rekneskapsoppfølging
  • koordinere intern målstyring og oppfølging
  • tertial- og årsrapportering
  • administrere offentlege kjøp og kontraktar

 Andre arbeidsoppgåver vil kunne leggast til stillinga.

 

Kvalifikasjonar

  • utdanning frå universitet eller høgskole (minimum 4 år) innan relevante fagområde, eller sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege forutsetningar for stillinga
  • minimum tre år med relevant arbeidserfaring
  • kompetanse innan rekneskapsføring
  • god kompetanse på bruk av IKT- verktøy
  • kompetanse innan mål- og resultatstyring vil bli tillagt vekt

 

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er analytisk, strukturert og nøyaktig. Vidare er det viktig at du er løysingsorientert. Du er sjølvstendig og har god gjennomføringsevne. Du har også god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi legger vekt på lojalitet til våre verdiar som er målretta, inkluderande og kompetent.

 

Vi tilbyr

  • moglegheit til å påverke utviklinga av Vegtilsynet
  • eit teamorganisert, tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver med god moglegheit for fagleg utvikling
  • reise- og kostgodtgjersle etter staten sitt regulativ
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • gunstig pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • løn etter avtale og etter staten sin lønnspolitikk

 

Vegtilsynet skal pregast av mangfald, og våre tilsette skal speigle befolkninga. Vi legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du treng det.

Vi gjer merksam på at din søknad kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste. Du vil bli varsla om dette.

Kontakt: direktør Trude Tronerud Andersen, tlf: 953 39 512

Søk på stillinga her: 

https://vegtilsynet.easycruit.com/