Klimatilpassing i vegprosjekt, Region midt

I ein serie tilsynssaker undersøkjer Vegtilsynet om Statens vegvesen følger krav til klimatilpassing ved planlegging av vegprosjekt. Også i Region midt er stoda tilfredstillande.

Målet med tilsynet var å undersøke om leiinga i Region midt sikrar at krav til klimatilpassing vert følgd i planlegging av vegprosjekt, og i kva grad regionen vurderer verknadane av klimaendringar når vegprosjekt vert planlagd.

Bakgrunnen for tilsynssaka var mellom anna overordna nasjonale målsettingar formulert i både Strategi for samfunnssikkerhet i samferdselssektoren og i Nasjonal transportplan, om at verksemdene skal ta høgde for klimaendringar i planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av veginfrastrukturen.

Undersøkinga omfatta åtte vegprosjekt i Region midt:


E6, Selli – Asphaugen – Trøa

E6, Sokndal sentrum – Korporalsbrua

E39, Lønset – Hjelset

E39, Betna – Klettelva

E39, Vik – Nerås

E39, Tautra – Nautneset

E39, Julbøen

Rv706, Sluppen – Stavne

 

Samla sett viste tilsynssaka at leiinga i stor grad sikrar at overordna styrande dokument vert følgd, og at de undersøkte prosjekta i stor grad har vurdert verknadane av klimaendringar i arbeidet med reguleringsplanar.

Vegtilsynet avdekka to avvik i saka, og det vart gjort to observasjonar. Vegtilsynet fann at regionen:

  • ikkje har utarbeidd kontrollplan i reguleringsplanfasen i samsvar med krav
  • nytter klimafaktorar ulikt for små avrenningsfelt i de undersøkte vegprosjekta
  • ikkje sikrar at risiko- og sårbarheitsanalysen i alle dei undersøkte vegprosjekta
  • vurderer verknaden av klimaendringar
  • nytter ulik metodikk ved gjennomføring av ROS-analysane i dei undersøkte
  • vegprosjekta.
Nr. Navn Tema Tilsynspart
2018-03;Statens vegvesen, Region midt Klimatilpasning i vegprosjekter, Region midt Planlegging