God beredskap for vêrutsette fjellovergangar i Region vest

Statens vegvesen, Region vest har i det vesentlege eit godt planverk for beredskap på vêrutsette fjellovergangar i regionen. Det viser ny rapport frå Vegtilsynet.

Beredskap på vegnettet skal gi sikkerheit og framkomme både i normalsituasjon og under påkjenning. Beredskapsplanar skal sikre tilstrekkeleg overvaking på vegane, slik at ein til dømes innfører kolonnekøyring eller stenging til rett tidspunkt.

Målet med tilsynet var å undersøke om Statens vegvesen, Region vest sikrar eit oppdatert og relevant planverk for beredskap på vêrutsette strekningar.

Vegtilsynet undersøkte om det er utarbeidd beredskapsplanar i samsvar med krav, og om regionen sikrar at beredskapsplanane for evakuering av fastkøyrd kolonne vert etterlevd for følgande strekningar:

  • Ev 16 Filefjell, strekninga Maristova – Tyinkrysset
  • Rv 7 Hardangervidda, strekninga Leiro – Haugastøl
  • Rv 13 Vikafjell, strekninga Storehaug – Hola
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet, strekninga Borlaug – Bjøberg

Samla sett viste tilsynssaka at Region vest i det vesentlege har eit oppdatert og relevant planverk for beredskap på vêrutsette strekningar.

Vegtilsynet fann at regionen:

  • har utarbeidd regional trafikkberedskapsplan
  • ikkje har utarbeidd lokale trafikkberedskapsplanar
  • har lokale instruksar for stenging og kolonnekøyring for dei undersøkte strekningane
  • har beredskapsplanar for fastkøyrd kolonne for dei undersøkte strekningane
  • har ein praksis for å sikre at alle involverte er kjend med beredskapsplanane for evakuering av fastkøyrd kolonne og dei rutinane som skal følgast, men at det ikkje alltid føreligg dokumentasjon på at denne praksisen er følgt.

 Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil verte følgt opp med Statens vegvesen, Region vest.

Det vart gjort ein observasjon.

Nr. Navn Tema Tilsynspart
2018-04 Beredskapsplanlegging for vêrutsette strekningar Beredskap Statens vegvesen, Region vest